Lagre i favoritter

Kaffistova

Opptil 160 gjester

Utleier tilbyr mat

Utleier tilbyr drikke

Kaffistova

KartKristian IVs gate 2, Oslo

Velkommen til Kaffistova – tradisjon og kvalitet sidan 1901

Vi kan arrangere event for selskap og private grupper. Vi kan også skreddersy meny etter dykkar ønskje. Ønskjer du vinpakke eller ølpakke kan vi lage dette på førespurnad. For å gjere ein reservasjon må gruppa være på minimum 15 personar.

På Kaffistova i Oslo står norsk mat i fokus! Vi ligg midt i Oslo sentrum og her serverer vi vellaga, og sjølvsagt heimelaga, mat. Maten er laga av glade kokkar - og basert på gode, norske mattradisjonar. Norske spesialitetar, som til dømes raspeball, boknafisk og rømmegraut vert servert i rause porsjonar til ein hyggeleg pris. Og vi kan vel seie at våre kjøttkaker er dei mest populære i landet? Vi sel i alle fall over fire tonn kjøttkaker i året.

Kaffistova er også den ideelle lunsj-staden; du får rask og effektiv servering av både varm og kald mat, og vi har ei sentral plassering i Oslo sentrum, berre eit kvartal frå Karl Johans gate. Våre gjester er turistar frå både innland og utland, forretningsfolk som er på møter i nærleiken eller på veg heim frå jobb, og ikkje for å gløyme stamgjestane våre. Du vil alltid møte ei varm og trivelig stemning i Kaffistova, for her er det alltid gjestar.

Alle våre kaker bakar vi sjølve, og vår dyktige konditor lagar også heile kaker som du kan kjøpe til fredagskaffien, eller til ei anna anledning. Ta kontakt for eit godt tilbod!

I Kaffistova serverer vi tradisjonell, norsk frukost til hotellgjestane våre kvar morgon! Eit godt utval av brød og pålegg er basisen for ein norsk frukost, i tillegg til varmretter som egg og bacon.

Kom innom Kaffistova når du besøker Oslo og har lyst på heimelaga, norsk mat. Vi er ein koselig kafé og restaurant som ligg midt i Oslo sentrum.

Kapasitet

Maks 160 sittende gjester
Maks 200 stående gjester

Fasiliteter

Kjøkken
Stoler og bord
Bestikk og tallerken
Internett
Mobil Bar
Lydanlegg
Overnattings muligheter
Restaurant
TV
Prosjektor
Heis
Lerret og projektor
Tilrettelagt for rullestolbruker
Bankterminal
Bartender inkludert
Serveringspersonale inkludert
Stellerom
Barnevogn tillatt i lokale
Skjenkebevilling
Parkering mot betaling
Matservering
Alkoholservering

Beliggenhet

Lagre i favoritter

Send forespørsel